Først og fremst: Viss du har ein ide sjølv som du trur eg vil like, er det definitivt det beste!
Ønsker
Alle liker ullsokker! Både tjukke og tynne sokker er velkommne.
Ei bok du trur eg vil like, i lydbok-format. Eg anbefaler libro.fm, fordi der kan eg laste ned lydbøkene frå, og dei lar ein gi lydbøker i gåve. Einaste ulempa er at dei har litt begrensa utval.
Sidan eg speler D&D så er det alltid moro å få noko til dette. Merk at eg er ofte GM, så det utvider forhåpentligvis det som kan gis. Her kan faktisk alt mogleg brukast, for eksempel bruker eg ofte eit sett med små(1x1x1cm) trepinner eg kutta til sjølv.
Ei vinflaske er jo ein klassiker som gåve. Eg er kanskje litt sær, men min favoritt i kategorien er den japanske plumme-likøren Umeshu. Det sagt, så vil eg heilt sikkert like godt andre likøyrer eller søte viner også altså.